Helse Bergen

Helse Bergen

Helse Bergen

Besøksadresse:
Jonas Liesvei 65, Bergen
Telefon:
05300 - Frå utlandet: +47 55 97 50 00
E-post adresse:
Webside:
Org. nummer:
983 974 724
Sosiale medier:
FacebookTwitterYoutube

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare 12.000 tilsette som har mål om å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Kvart år behandlar vi ca. 600.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Vi er blant Noregs fremste innan forsking, og det er ei av våre viktigaste hovudoppgåver. I tillegg har vi ei rekke kompetansesenter og spesialfunksjonar, både nasjonalt og regionalt. Budsjettet vårt er på om lag 9,4 milliardar kroner. Våre tilsette er vår viktigaste ressurs, og vi ønskjer derfor å knytte til oss dei aller beste fagfolka. Vi gjer det vi kan for å legge til rette for at alle våre tilsette skal trivast og yte sitt beste i jobben sin.

Vår visjon er å fremme helse og livskvalitet i vest. Våre verdiar er: respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, samt tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg. Helse Bergen skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert samansetting når det gjeld kjønn og alder, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stillinga, ber vi deg om å opplyse om dette i søknaden. For stillingar der det stillast krav til tilfredsstillande politiattest (jamfør Helsepersonelloven, Lov om barnehagar og Grunnskoleloven), blir tilsetting gitt under føresetnad av at arbeidstakar leverer tilfredsstillande politiattest.
Ledige stillinger og jobber
Side av
Side av
Det er for tiden ingen stillingsannonser publisert på denne siden.