Viser av

Sokneprest i Sunnhordland prosti med Uskedal sokn og sokna i Kvinnherad som tenestestad

Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme

Uskedal sokn har ei kyrkje (1914) med gudsteneste om lag kvar fjerde sundag. Husnes og Holmedal sokn har tre kyrkjer: Husnes kyrkje (1874) med gudsteneste annankvar sundag. Valen kyrkje (1978) er ei arbeidskyrkje. Holmedal kyrkje (1882) ligg på Utåker, om lag 20 km frå Husnes. I Valen og Holmedal kyrkjer er det gudsteneste kvar fjerde sundag. I Uskedal sokn er det eit bedehus. I Husnes og Holmedal er det fleire bedehus, Husnes bedehus har størst aktivitet.

Soknepresten i Uskedal har eit nært samarbeid med soknepresten i Husnes og Holmedal sokn og dei andre tilsette ved Husnes kyrkjekontor. I 2016 vart det felles kyrkjekontor på Valen for alle sokna i Kvinnherad kommune. Her er kontor for kyrkjeverje, dei fire sokneprestane i kommunen, kantor/organistar, trusopplærarar og kontormedarbeidarar. Felles kyrkjekontor er viktig for å utvikle vidare samarbeidet mellom dei kyrkjeleg tilsette i fellesrådsområdet. Dei tilsette samlast til regelmessige møter og sokneprestane samarbeidar om prestetenesta. I september vil det for fyrste gong vera felles bispevisitas for alle sokna i Kvinnherad.

Soknepresten har sete i Uskedal sokneråd og har hovudansvar for konfirmantarbeid og kontakt mellom kyrkje, skule og barnehage både i Uskedal og Husnes og Holmedal sokn. Presten har eit nært samarbeid med kyrkjelydssekretærar i begge desse sokna. Sokneprestane delar tenestevekene, tenestene gjeld primært gravferd. Arbeidsfordelinga mellom prestane vil bli drøfta i samband med tilsetjinga.

Det er eit godt samarbeid mellom tilsette i kyrkja og friviljuge medarbeidarar i kyrkje og bedehus. I sokna er det fleire former for barne- og ungdomsarbeid tilslutta ulike organisasjonar. Ungdomsarbeidet er eit satsingsområde. I stillinga kan ein gje rom for å bruke tid på ungdomsarbeid ut frå eigne interesser, forutsetningar og prioriteringar. Fleire opplysingar er å finna på www.kyrkja-kvinnherad.no. Der finn ein også utdrag frå årsstatistikk.

Arbeidsgjevar kan vera behjelpeleg med å skaffa tenleg bustad. Kommunen eig eit hus på Valen som sidan 2001 har vore prestebustad, 1 ½ km frå kyrkjekontoret og 18 km frå Uskedal kyrkje.

Målforma er nynorsk. Søkjar må opplysa om ein nyttar begge målformer. Søkjarar bør disponere bil. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan verte offentleggjort sjølv om søkjarane ber om å bli unnateke offentleg søkjarliste. Opplysningar om samlivsform vil kunna bli innhenta og vektlagde ved tilsetjing. Den som vert tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).

Stillinga er plassert i stillingskode 1555 sokneprest, LR 55. Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse. Reiseutgifter vert godtgjort etter gjeldande regulativ. Til løna kjem særlege regulativmessige godtgjeringar. Det vert gjeve tilbod om arbeidsrettleiing.

Utdanningsretning:

  • Teologi/livssynsfag

Utdanningsnivå:

  • Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende
  • Mastergrad i teologi og praktikum

Personlege eigenskapar:

  • Vi søkjer etter ein person med engasjement for prestetenesta, gode samarbeidsevner og evne til å kommunisere med born og unge.

Uskedal sokn ligg sentralt i Kvinnherad kommune med eit folketal på om lag 1000. I kommunen er det vel 13 000 innbyggjarar. I Husnes og Holmedal sokn bur det 5500.

Kvinnherad kommune har ein flott natur som gjev gode høve til rekreasjon og naturopplevingar både sommar og vinter.

 

Det er eit variert næringsliv med m.a. Hydro Husnes og Valen sjukehus. På Husnes er det eit stort butikksenter. Her ligg og Kvinnherad vidaregåande skule, Husnes ungdomsskule og sjukeheimen Husnestunet. På Husnestunet har prestane andaktar. I kommunen er det bedrifter som er verdsleiande innan livbåtproduksjon. Hurtigbåten til Stord brukar om lag 20 minuttar med hyppige avgangar morgon og ettermiddag. Her er ein attraktiv arbeidsmarknad og for dei som er busett i Kvinnherad.

 
Relaterte stillinger
Det er for tiden ingen prioriterte stillingsannonser publisert på denne siden. Skriv inn søkeord i feltet ovenfor for å søke blant alle stillingsannonser, eller klikk her for å gå til førstesiden.