Viser av

Sokneprest i Hardanger og Voss prosti med Eidfjord og Kinsarvik sokn som tenestestad (2. gangs utlysing) - Hardanger og Voss prosti

Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme

Det er ledig stilling som sokneprest i Eidfjord sokn og Kinsarvik sokn. Dette er ei spennande og variert stilling med engasjerte medarbeidarar og gode kontorforhold. Eit fint kommunalt bustadhus kan vere tilgjengeleg om ønskjeleg.

Eidfjord sokn høyrer til Eidfjord kommune som strekk seg frå Hardangerfjorden og inn mot Hardangervidda nasjonalpark. Eidfjord er ein kraftkommune med 921 innbyggjarar. Kinsarvik sokn ligg i Ullensvang herad, som har 3377 innbyggjarar og er no i ein samanslåingsprosess med Odda kommune og Jondal kommune.

Eidfjord har ei moderne arbeidskyrkje med møterom, kjøkken og kontor for dei tilsette. Her ligg også Eidfjord gamle kyrkje, ei «Jakobskyrkje» frå ca 1309. Kinsarvik sokn har ein av dei finaste mellomalderkyrkjene frå ca 1160. I heradshuset i Kinsarvik er kontoret for dei kyrkjelege tilsette i Ullensvang herad.

Sokna i Eidfjord og Ullensvang prioriterer barne- og ungdomsarbeid høgt. Det er innarbeidd eit variert tilbod til barn i alderen 0-16 år. Tiltaka har generelt sett svært god oppslutnad, enkelte over 90%. Sokneråda og stabane står saman om å prioritere barn og unge, og det er etablert gjevarteneste til dette formålet. Som sokneprest i Eidfjord og Kinsarvik får ein ulike roller i nokre av tiltaka for barn og unge, dels som ansvarleg og dels som ein av fleire medarbeidarar.

I bygdene er det to aldersinstitusjonar soknepresten vitjar jamleg saman med organist. I tillegg har organistane eigne songstundar i lag med friviljuge som held andakt.

Presten har fast sete i Kinsarvik sokneråd og Eidfjord sokneråd/fellesråd, for tida også i Ullensvang fellesråd. Ein deltek også i nokre andre råd og utval, som trusopplæringsutval, kriseteam m.m.

Målet for kyrkjelydane er at kyrkja skal vere ein naturleg del av dagleglivet for alle i kyrkjelyden. Det blir jobba med å vidareføra og vidareutvikla det gode arbeidet som allereie er i gang. Du vil gå inn i arbeidet som ein viktig medspelar.

Soknepresten forrettar ca. 25-30 gravferder pr. år, har eit konfirmantkull i kvart sokn og nokre vigslar årleg. Normalt har soknepresten gudsteneste kvar sundag, med unntak av ei frihelg i månaden og nokre sundagar med to gudstenester.

Me tilbyr ei spennande stilling med svært varierte oppgåver og eit godt arbeidsmiljø i gode kontorlokale. I tillegg får du nyte vakker natur og fantastiske fjell og fjordar til rekreasjon og trening. Me har også gode oppvekstvilkår for born.
Kan dette vera noko for deg?

Heimeside for Eidfjord: www.eidfjordkyrkje.no
Heimeside for Ullensvang: www.ullensvang.herad.no/krk/

Målforma er nynorsk. Søkjar må opplysa om ein nyttar begge målformer. Søkjarar bør disponere bil. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan verte offentleggjort sjølv om søkjar ber om å bli unnateke offentleg søkjarliste. Opplysningar om samlivsform vil kunna bli innhenta og vektlagd ved tilsetjing.
Den som vert tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).

Utdanningsnivå:

  • Cand.theol - eksklusiv praktisk teologisk utdanning (før 2004)
  • Mastergrad i teologi og praktikum

Vi tilbyr:

  • Stillinga er plassert i lønnsgruppe 1555, sokneprest, men pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse.
  • Reiseutgifter vert godtgjort etter gjeldande regulativ.
  • Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler.
  • Det vert gjeve tilbod om arbeidsvegleiing.
  • Eidfjord kommune kan stille bustad til disposisjon.
 
Relaterte stillinger
Det er for tiden ingen prioriterte stillingsannonser publisert på denne siden. Skriv inn søkeord i feltet ovenfor for å søke blant alle stillingsannonser, eller klikk her for å gå til førstesiden.