Viser av

Bygg- og eigedomssjef

Voss Kommune

Er du interessert i å jobbe der det skjer?
Trivst du med optimalisering og utviklingsarbeid?
Likar du å jobbe saman med dyktige fagfolk?
Har du ingeniørfagleg eller annan relevant høgare utdanning?
Då har Voss kommune jobben for deg!
 
Bygg- og eigedomsavdelinga har arbeid innanfor drift og vedlikehald av kommunale bygg, nybygg, investeringar, grøntareal/friområde, sentrumsområde og idrettsanlegg. Kommunal bygningsmasse omfattar skular, barnehagar, institusjonar, bustadar, idrettshall samt tinghus og kulturhus. Avdelinga har om lag 45 tilsette. Årleg netto driftsbudsjett er på om lag 70 millioner kroner. I tillegg kjem investeringar i opprusting og nyanlegg, med om lag 80 millioner årleg i gjennomsnitt.

 

Arbeidsoppgaver:

  • Leiing av avdelinga, med rapportering til kommunalsjef for tekniske tenester

    Optimalisering og vidareutvikling av avdelinga og drifta

    Administrativ og politisk sakshandsaming

    Oppfyljing av forskrifter og krav

Kvalifikasjoner:

  • Høgare teknisk utdanning (høgskule- eller fagskuleingeniør, eventuelt mesterbrev)

    Leiarerfaring frå relevant stilling og bransje/sektor

    Kjennskap til kommunal forvaltning

    God skriftleg og munnleg framstillingsevne 

Personlige egenskaper:

  • Gode evner og haldningar knytt til leiing, samarbeid og deling av kunnskap

    Resultatorientert og nytenkjande

    Initiativrik, med god stå på-vilje

    Gode kommunikasjonsevner 

Vi tilbyr:

  • Ein spennande, utfordrande leiarstilling for avdeling med stort mangfold og dyktige fagfolk

    Høve til å påverka eigen arbeidskvardag

    Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø

    Mektig natur, ski- og fritidsterreng  med aktivitetar frå fjord til fjell

    Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår

    Gode forsikrings- og pensjonsordningar

    Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

    Hjelp til å skaffa bustad og barnehageplass 



Voss - bygd for sterke opplevingar

Det er lett å bu og trivast på Voss, for i tillegg til å eta smalahove eller hoppa i fallskjerm, har me mykje meir å by på!

Voss kommune og Granvin herad slår seg saman til Voss herad frå 2020. Det nye heradet får om lag 15.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad får om lag 1350 tilsette. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. På vanleg vossa-vis går me for å bli verdas beste herad.  

 
Relaterte stillinger
Det er for tiden ingen prioriterte stillingsannonser publisert på denne siden. Skriv inn søkeord i feltet ovenfor for å søke blant alle stillingsannonser, eller klikk her for å gå til førstesiden.